Meldingar
Saknar du ting etter LK? Ta kontakt
Kongepokal til Ottar Kåsa
Meisterkonsert er flytt til Idrettshallen
|
Hittegods funne Det ligg att ein del verdifulle attgløymde ting etter Landskappleiken. Ta kontakt på post@lk2011.no eller telefon 97093444 for å få dei att.
| Kongepokalen til Ottar Kåsa Ottar Kåsa frå Arabygdi/Bø vann finalen i spel hardingfele og fekk dermed kongepokalen.
Alle resultata ligg under RESULTAT.
|
| Kompakt kappleik Landskappleiken i Seljord blir kompakt utan dei store avstandane mellom arenaene. Frå stemnecampingen på Dyrskuplassen er det bare 350 meter til Granvin kulturhus og 150 meter til Fjoset. [LES MEIR]
| Bruremarsj på fleire kontinent! Bruremarsj frå Seljord er spela over heile verda! Landskappleiken har fått hardingfelespelarar i USA, Japan og Norge til å spele inn Bruremarsj frå Seljord på video. Resultatet kan du sjå her: [LES MEIR]
|
| Resultat rett på mobilen I år kan du få resultata sendt rett til mobiltelefonen så fort premieutdelingane er over. Meld deg på varslinga, så kjem dei tre fyrste i klassa du har bestilt som sms. [LES MEIR]
| Boklansering om takt og tonar i Numedal Takt og tonar er eit nytt bokverk om folkemusikken og folkedansen i Numedal. Boka tek føre seg utviklinga av folkemusikken i regionen frå dei eldste spora av musikalsk aktivitet i mellomalderen og fram til vår eiga tid. Det blir lansering av det nye bokverket fredag 1. juli på Dyrskuplassen. [LES MEIR]
|
| Opningsframsyning i rute Øvingane til opningsframsyninga er i full gong for dei unge dansarane, kvedarane, spelemenn og korpsa!
[LES MEIR]
| Ny Seljords-CD Seljord har vel aldri hatt eit så blømande folkemusikkmiljø som i dag, med 35 hardingfeleelevar i kulturskulen og 60 unge dansarar og kvedarar i Tusseleiken. I ei bygd på knappe 3000 personar er dette ein stor prosent av befolkninga! Difor gjev Seljord spelemannslag ut sin fyrste CD når me nå arrangerer Landskappleiken 2011 i Seljord. [LES MEIR]
|
| Busstilbod under Landskappleiken Kjetils tur AS vil ha eit tilbod om busstransport under Landskappleiken i Seljord. Det vil gå buss kvar halvtime frå Dyrskuplassen via Granvin kulturhus, Seljord ferieland, Bjørge, Seljord camping og tilbake til Dyrskuplassen. Tilbodet blir frå torsdag t.o.m. laurdag.
[LES MEIR]
| Hugskot Stor kvedarkonsert under Landskappleiken!
Torsdag 30. juni i kinosalen på Granvin kulturhus kl 19.00.
Du får høyre desse kvedarane:
Ragnar Haugstøl
Kjell Hove
Inger Lien
Kari Lønnestad
Ingebjørg Lognvik Reinholdt [LES MEIR]
|
|